10 dager til Jotunheimen Ultimate Challenge

Her kjem litt praktisk informasjon med fokus på kva som er nytt i årets utgåve.

  • Starten i konkurranseklassa går kl 08.00 laurdag, og trimklassa ein time før. Vi tilrår overnatting i/ved Glitterheim før løpet.
  • Det går buss frå klubbhuset i Grov Idrettsplass (Bergomsvegen 63) fredag 1.7 kl 17.00. Gratis parkering her. Bussen køyrer til nasjonalparkgrensa i Veodalen, og så kan ein leie sykkel det siste stykket til Glitterheim (ca 7 km).
  • Ein leverer bagasjen på tilhenger laurdag morgon for transport til mål (Juvasshytta/Spiterstulen).
  • Det er minimumskrav til utstyr og bekledning under løpet. Utstyrsliste ligg på heimesida. Ein kan i år bruke gå-staver om ein ynskjer.
  • Sperretidene er ikkje like strenge som i fjor: Konkurranseklassa må være på Spiterstulen fyrste gong før 12.30, andre gong før 17.00, og målgang seinast kl 20.00. Trimklassa må også vere på Spiterstulen seinast 12.30 og i mål før kl 18.00.
  • Det går buss attende til Lom sentrum frå Spiterstulen kl 18.00 og frå Juvasshytta kl 20.00. (ikkje buss vidare til Glitterheim i år)

Det ligg meir informasjon på heimesida. Sjekk ut jotunheimenultimate.no

Legg igjen en kommentar