DYNAFIT
Jotunheimen Ultimate Challenge
Jotunheimen Ultimate Challenge er fjelløpet som tek deg over dei to høgaste toppane i Nord-Europa. Ein unik tur i hjarta av Jotunheimen, frå Glitterheim til Juvasshytta over Glittertind og Galdhøpiggen. Ei ultimat utfordring på 38 km, med 3500 m stigning.
Ikkje Jotunheimen Ultimate Challenge i 2024
Utsett start på trimklassa!
10 dager til Jotunheimen Ultimate Challenge
Forlenga periode med redusert pris
J.U.C. 2. juli 2022
Påmelding og priser
Påmeldinga åpner 1. mars kl 18:00.
Priser:
Konkurranseklasse
Fram til 31. mai: Startkontigent kr 850.-
Frå og med 1. juni: 1200.-
Trimklasse
Fram til 31. mai: Startkontigent: 500.-
Frå og med 1. juni: 800.-
Vilkår
Prisen inkluderer bagasjetransport frå start til mål
Det er bindande påmelding. Kontigent blir ikkje attendebetalt ved sjukdom/skade etc.
Vi attendebetaler full kontigent dersom arrangementet blir korona-avlyst
Ruta kan bli lagt om dersom vêr-tilhøva tilseier det. Det kan t.d bli snupunkt på Keilhaus topp i stadan for Galdhøpiggen. Eller det kan bli Skautflya i stadan for Glittertind. Det blir ikkje attendebetalt noko i slike tilfelle.
Vi tillet videresalg av startnummer så lenge påmeldinga er open (til og med onsdag 29. juni), men dette må registrerast i EqTiming. Merk at det er eit gebyr på 60.- for vidaresalg.
Påmeldingsfrist:
Siste frist for påmelding: Onsdag 28. juni
Påmeldingsgrense:
Konkurranseklasse
Maksimum tal på deltakarar 200
Trimklasse
Maksimum tal på deltakarar 100
Klasser
Konkurranseklasse
38 km frå Glitterheim til Juvasshytta via Glittertind og Galdhøpiggen.
Klassevis inndeling og premiering av topp tre i alle klasser.
Fellesstart på Glitterheim kl 08.00.
Trimklasse
28 km frå Glitterheim til Spiterstulen via Glittertind og Galdhøpiggen.
Ingen klasseinndeling eller kåring av vinnarar.
Fellesstart på Glitterheim kl 08.00.
Regler
Lisens
Alle deltakarar må ha eingongslisens eller heilårslisens friidrett. Ved betalt lisens er deltakaren forsikra under arrangementet (klikk her for vilkår). Deltakarar er sjølve ansvarlege for å ha lisens i orden, men dette skal normalt ordnast automatisk under påmelding/registrering. Heilårlisens kan sjekkast her.
Startnummer
Startnummer må vere synleg under heile løpet.
Trasè
Konkurranseklasse
Ein må følge løype som vist på løypekart, dvs. 1) T-merka stig over Glittertind og ned til Spiterstulen. 2) Frå Spiterstulen etter merka løype opp til Galdhøpiggen og ned att til Spiterstulen (NB sjå merknad), 3) Visdalsvegen ned til Heimresætre, 4) T-merka stig opp til mål på Juvasshytta.
Marknad angåande trasè ved Svellnosi
Ved Svellnosi mellom Spiterstulen og Galdhøpiggen står løparane fritt til å velge raskaste rute over snøfonnene på nordsida av Svellnosi. Det er som regel fleire turisttråkk over fonnene som kan brukast. Det er og høve til å gå over toppen på Svellnosi om ein ynskjer.
Merknad angåande snøfonner mellom Spiterstulen og Galdhøpiggen
Løparane står fritt til å nytte snøfonner som ligg langs løypa. NB! Ein må vere forsiktig og unngå bratt snø om det er hardt og isete!
Trimklasse
Same som konkurranseklassa 1) og 2) - altså målgang på Spiterstulen etter å ha vore på Galdhøpiggen.
Merking
Løypa er ikke merka ut over merking til DNT. Det er ein føresetnad at deltakarane kan navigere i høgfjellet på eigenhand - også i tilfelle dårleg vêr og tåke.
Miljø
Makstid/sperretider:
Konkurranseklasse
Makstid for løpet er 12 timer. Dvs krav om målgang seinast kl 20.00.
Sperretid 16 km Spiterstulen: 12.30 (4,5 timer)
Sperretid 28 km Spiterstulen: 17.00 (9 timer)
Etter sperretidene må deltakarar levere inn startnummer og er ute av løpet.
Trimklasse
Sperretid 16 km Spiterstulen: 13.30 (5,5 timer)
Makstid for løpet er 11 timer. Dvs krav om målgang seinast kl 19.00.
Sekk/Utstyr
Det er krav om sekk under løpet, og alle må ha med klær og utstyr for å ferdast i høgfjellet:
Minimumskrav til utstyr
- Vindtett jakke og bukse
- Ullundertøy eller superundertøy (over og under)
- Lue
- votter/handsker
- buff eller skjerf
- Kart over heile løypa
- Kompass (magnetisk - ikkje klokke)
- GPS (klokke eller handholdt)
- Drikke. Ein kan fylle på ved drikkestasjonar og bekker.
- Mat undervegs
- Fyrstehjelpsutstyr
- Vindsekk eller redningsfolie
- Fullada mobiltelefon
Det er ikkje spesielle krav til type sekk, og løpevest er tillate.
Det kan bli kontroll av innhaldet.
GPS tracker
Støtte (support/langing)
Deltakarane kan få langing av mat og drikke ved drikkestasjonen på Spiterstulen og Heimsætra. Støtte utanfor Spiterstul-området er ikkje tillate.
Ein kan fritt fylle vatn frå bekker og elver langs løypa. Merk: Mellom Spiterstulen og Galdhøpiggen er det lite vatn å finne.
Langing av klede/sko er ikkje tillate under løpet, da deltakarane skal ha med seg det dei treng i sekken.
Bryte løpet
Om ein ynskjer å bryte løpet før mål, må GPS-trackar og startnummer leverast til funksjonær ved næraste drikkestasjon/mellomtid. Skulle ein befinne seg langt frå eit drikkestasjon/mellomtid er det fint om det blir gjeve beskjed på telefon 98230731.
Utstyr
Klede
Staver
Det ER lov å bruke staver under løpet, og desse må vere med frå start til mål.
Sko
Praktisk informasjon
Overnatting
Visit Jotunheimen har denne oversikten: <klikk her>
På grunn av tidleg start på løpet er det gunstig å overnatte på Glitterheim (telt eller hytte) før løpet.
Transport
Sjå eiga fane "Transport"
Startnummer
Startnummer kan hentast:
- Fredag 30.6 kl 19.00 - 21.00 på Glitterheim
- Laurdag 1.7 kl 07.00 - 08.00 på Glitterheim
Drikkestasjonar
- Colaboks på Galdhøpiggen
- Drikkestasjon på Spiterstulen 16 km og 28 km. Sportsdrikk og vatn.
- Drikkestasjon Heimsetra 33 km. Sportsdrikk og vatn.
Det blir i tillegg servert snacks og bananer på drikkestasjonane.
NB! Det blir oppmoda om å ta med rikeleg med drikke frå drikkestasjonen på Spiterstulen mot Galdhøpiggen. Det er vanlegvis lite vatn å finne på dette strekket.
Bagasjetransport
Bagasje som skal transporterast til mål (Juvasshytta eller Spiterstulen) må levarst på tilhenger ved startnummerutdeling på Glitterheim. Alle kolli må vere godt merka med namn og telefonnummer. Bagasjetransport er gratis.
Sekretariat
Sekretariat på Glitterheim
- Fredag 30.6 kl 19.00 - 21.00 på Glitterheim
- Laurdag 1.7 kl 07.00 - 08.00 på Glitterheim
Funksjonærar/Røde Kors
Det blir funksjonærar på Glittertind, Spiterstulen, Galdhøpiggen, Heimsætra og Juvasshytta.
Det vil vidare vere Røde Kors-patruljer ned frå Glittertind og patruljer opp til Galdhøpiggen. Vidare blir det Røde Kors mannskap på Spiterstulen og Juvasshytta.
Det blir lege på Spiterstulen.
Farer undervegs
Vi vil trekkje fram nokre punkt som krev ekstra varsemd
- Steinura ned frå Glittertind mot Steindalen.
Laus og bratt ur med fare for fall og skader! - Spiterstulen-Galdhøpiggen tur/retur.
Lite tilgang på vatn og fare for dehydrering. Fyll opp drikkeflaskene på Spiterstulen - Ved nedbør
Glatt og bratt steinur fleire stader med fare for fall og skader - Ved dårleg sikt
Skodde og lågt skydekke kan gje utfordrande navigering og fare for å miste løypa. Følg godt med på terrenget, og bruk kart/kompass/GPS for å sikre deg at du er på rett veg. - Ved vind, nedbør og låge temperaturar
Fare for nedkjøling. Ver førebudd på dårleg vêr og kle deg godt!
Mellomtider
Det blir mellomtider med funksjonærar på Glittertind, Spiterstulen og Galdhøpiggen.
Dusj
Det er høve for dusjing på Juvasshytta.
Transport
Merk at alle må gå eller sykle frå parkeringsplassen ved nasjonalparkgrensa til Glitterheim (7 km grusveg).
Buss Lom - Glitterheim*
Avgang fredag 30.6 kl 17.00 frå klubbhuset i Grov Idrettsplass - Bergomsvegen 63
(*) Bussen går til nasjonalparkgrensa ca 7 km frå Glitterheim. Til fots eller sykkel siste stykket (sjå under ang. sykkelleie)
Buss Juvasshytta (mål) - Lom
Avgang laurdag 1.7 kl 20.00 frå Juvasshytta til Lom.
Buss Spiterstulen - Lom
Avgang laurdag 1.7 kl 18.00 frå Spiterstulen til Lom.
Pris: 200.-
Fast pris for busskøyring både fredag og laurdag.
Bestilling/påmelding
Betaling: Vippsnummer #696371 (Lom idrettslag - J U C Buss).
Billett: Ein viser kvittering i Vipps ved påstigning.
Sykkelleie Glitterheim
Uansett om ein køyrer buss eller privatbil, må ein gå eller sykle dei siste 7 km inn til Glitterheim. Turen tek ca 45 min på sykkel eller 90 min roleg gange. Det er høve til å leie sykkel. Pris kr 100,- pr sykkel pr veg, som ein betaler på Glitterheim. Det er ikke førehandsbestilling på syklar.
Bagasjetransport
Bagasje som skal transporterast til mål (Juvasshytta eller Spiterstulen) må levarst på tilhenger ved startnummerutdeling på Glitterheim. Alle kolli må vere godt merka med namn og telefonnummer. Bagasjetransport er gratis.
Løypekart
Høgdeprofil
Detaljert kart
Høgder og tider:
Sted | Høgde | Tidsestimat |
---|---|---|
Start Glitterheim | 1384 moh | 0:00 |
Mellomtid Glittertind | 2452 moh | 1:00 - 2:00 |
Mellomtid Spiterstulen | 1111 moh | 2:00 - 4:30 |
Mellomtid Galdhøpiggen | 2469 moh | 3:30 - 8:30 |
Mellomtid Spiterstulen retur | 1111 moh | 4:20 - 9:30 |
Sjekkpunkt Heimsætra | 910 moh | 4:40 - 10:00 |
Mål Juvasshytta | 1841 moh | 5:40 - 12:00 |
Etapper
Etappe | Distanse (km) | Stigning (m) | Gj.sn grader (%) |
---|---|---|---|
Glitterheim - Glittertind | 6.0 | 1071 | 17,1 |
Glittertind - Spiterstulen | 10.0 | -1341 | -13.4 |
Spiterstulen - Galdhøpiggen | 6.0 | 1358 | 21.8 |
Galdhøpiggen - Spiterstulen | 6.0 | -1358 | -21.8 |
Spiterstulen - Heimsætra | 5.3 | -182 | -3.6 |
Heimsætra - Juvasshytta | 4.4 | 933 | 20.5 |
(Dette er berre omtrentlege verdiar)
GPX
GPX-fil: Klikk her for å laste ned
NB! Denne GPX-fila er basert på GPS-en til ein av dei raskaste i 2021. Dette sporet har ikkje blitt verifisert og vi tek ikkje ansvar for feil og unøyaktigheit i dette sporet.
Premiar
Konkurranseklasse
- Deltakermedalje
- Pokal til dei tre beste i kvar klasse
- Pokal til raskaste mann og kvinne
- Raudost frå Tine Lom og Skjåk
- Uttrekkspremiar
Trimklasse
- Diplom
- Raudost frå Tine Lom og Skjåk
- Uttrekkspremiar