Neste Jotunheimen Ultimate Challenge i 2024
Ny arrangementsdato for Jotunheimen Ultimate Challenge: Laurdag 6 juli 2024
Jotunheimen Ultimate Challenge er eit omfattande arrangement for eit lite idrettslag. Vi har valt å ikkje arrangere Jotunheimen Ultimate Challenge i 2023. Dette med bakgrunn i at deltakartalet gjekk drastisk ned i 2022, andre arrangement både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, samt eit håp om at fleire deltakarar vil melde seg på dersom Jotunheimen Ultimate Challenge blir arrangert annakvart år. Vi håper mange vil melde seg på i 2024 så løpet får livets rett, og ber om forståing for at vi nå utset løpet til 6. juli 2024. Følg med på https://jotunheimenultimate.no/. Vi ser fram mot å treffe dykk på startstreken til Jotunheimen Ultimate Challenge 6 juli 2024!
Vi tek derimot opp at Lomseggen UPP. Eit motbakkeløp som Lom IL arrangerte i 5 år fram til pandemien satte ein stoppar for løpet. Vi vil arrangere Lomseggen UPP 12. august 2023. Meld dykk på eit «jælma lugumt motbakkeløp» – det beste motbakkeløpet vi veit om. Følg med på https://lomseggenupp.no/ Vi ser fram til å sjå mange ivrige motbakkeløparar i alle aldre i Lom denne helga. Både lokale og tilreisande er hjarteleg velkomne!
Med venleg helsing
Arrangementskomiteen Jotunheimen Ultimate Challenge